Er du vår nye spesialrådgjevar innan fiskeri?
Innovasjon Norge (IN) i Møre og Romsdal skal styrke vår totale kompetanse innan fiskeri. Vi er derfor på utkikk etter ein ny spesialrådgjevar som skal ha ei avgjerande rolle i korleis IN utviklar seg som strategisk samarbeidspartnar for fiskerinæringa nasjonalt og regionalt.
Rolla er heilt sentral i korleis Innovasjon Noreg jobbar med kundar innafor fiskerinæringa.
Rådgjevaren vil ha ei leiande rolle i vår nasjonale kompetansegruppe, og får eit særskilt ansvar i nasjonale utviklingsprosessar gjeldande fiskeri.
Som rådgjevar vil du spele ei viktig rolle i korleis Innovasjon Noreg jobbar med flåtefinansiering i si heilheit. Du får også ansvar for oppfølging og vidareutvikling av kunde- og låneportefølja knytt til næringa i Møre og Romsdal og Trøndelag.
Du vil få ein sentral funksjon på vårt kontor i Møre og Romsdal, med moglegheit til å påverke korleis IN skal støtte og arbeide i høve til fiskerinæringa.
Vi har ei sterk rolle som långjevar til ei lønnsam og framtidsretta fiskeri- og havbruksnæring. Du vil få fridom til å skape din eigen jobbkvardag, med høgt fokus på verdiskaping, samfunnsnytte og teamarbeid.
Vi har til tider mykje å gjere, og ser difor etter deg som trivast godt med varierte arbeidsoppgåver og høgt tempo. Eit av dine viktigaste fokusområde blir å hjelpe våre kundar i arbeidet med grøn omstilling og auka berekraft.
IN skal leggje til rette for lønnsam næringsutvikling og internasjonal vekst der fylket har gode føresetnader. Vi er stolte over å kunne delta i spanande utviklingsarbeid for auka verdiskaping. Oppgåvene er varierte: Proaktivt arbeid med mobilisering, utarbeiding av behovsanalysar, aktiv dialog med kundar og samarbeidspartnarar, i tillegg til saksbehandling og oppfølging av aktuelle finansieringssaker.
Du vil meir konkret jobbe med:
- Strategisk utviklingsarbeid innan fiskeri på nasjonalt nivå
- Initiere og drive fram utviklingsprosessar som kan forbetre vårt arbeid med kundar og oppdragsgivarar
- Følgje opp, vedlikehalde og vidareutvikle kundeportefølje og -nettverk
- Aktivt marknads- og mobiliseringsarbeid mot relevante marknadssegment, bankar og andre samarbeidspartnarar
- Jobbe fram gode saksinnsinnstillingar gjennom kundedialog, sparring, behovsavklaring og prosjektvurdering innan fiskeri
Vi ser for oss at du har:
- Relevant utdanning
- God økonomisk og finansiell forståing og kompetanse. Vurdering av kredittrisiko og bedriftas evne til å betene lån er særleg relevant. Erfaring frå bank vil være ein fordel
- Erfaring, kompetanse og interesse for fiskerinæringa, inkludert innsikt i biologi, verdikjedene for fiske, og politiske og marknadsmessige rammevilkår for næringa
- Eit stort nettverk av kundar og relevante samarbeidspartnarar i regionen
Som person har du eit stort engasjement for å skape verdi for våre kundar. Du er analytisk, har evne til å setje deg inn i kompleks informasjon og komplekst talgrunnlag, og formidle dette vidare på ein forståeleg måte. Du ser etter forbetringar og nye måtar å løyse oppgåver på, og du tar initiativ for å få ting gjennomført. Du er god på kommunikasjon og likar at det er høgt tempo med variasjon i arbeidsoppgåvene. Du er løysningsorientert, strukturert og sjølvgåande i arbeidet ditt.
Kvifor jobbe hos oss?
- Rolla du går inn i, vil vere utfordrande, spennande og eit viktig bidrag i INs totale samfunnsoppdrag
- Du vil bli del av eit engasjert og fagleg dyktig team, med eit stort nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt
- Hos oss vil du bli satsa på, og du vil vere sentral i korleis IN utviklar seg som støttespelar for fiskerinæringa regionalt og nasjonalt
- Vi har fleksitid og moglegheit for heimekontor, dersom du ønskjer det
- Ei svært god pensjons- og forsikringsavtale
Kontorstad: Ålesund eller Molde. Du må rekne med noko reising.
Søknadsfrist er seinast 5. oktober. Ytterlegere informasjon får du ved å kontakte vår rådgjevar i Prime, Ole Jan Rimstad (995 93 014), eller avdelingsleiar Mari Klokk Leite (tlf. 947 86 452). Om ønskeleg kan innleiande dialog vera av konfidensiell karakter.
For stillingsutlysingar i det offentlege skal det etter utløpet av søknadsfristen utarbeidast ei offentleg søkjarliste. Her vil namnet til søkjaren, alder, bustadkommune og yrkestittel komma fram, jf. offentleglova § 25. Ønskjer du å reservera deg mot å bli oppført, må du seia frå om dette og grunngi kvifor. For ordens skyld blir det gjort merksam på at Innovasjon Noreg ikkje sjølv tek initiativ til offentleggjering av søkjarlista.